Hjem Næringsliv Slik bygde Forsvarsbygg forvarsevne i 2021

Slik bygde Forsvarsbygg forvarsevne i 2021

I 2021 arbeida Forsvarsbygg blant anna med å førebu alliert øvingsverksemd i Noreg. Her ser ein Camp Rødsmoen under øvinga Cold Response 2022
  • Forvalta 4,2 millionar kvadratmeter eigedom for forsvarssektoren
  • Sentral rolle i alliert øvingsverksemd
  • Overleverte 26 byggeprosjekt til Forsvaret
  • Dei totale kostnadane til Forsvarsbygg i 2021 var 10,7 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 72 prosent av dette.

Forsvarsbygg har i 2021 levert effektive og operative eigedomar, bygg og anlegg til Forsvaret. Til tross for strenge restriksjonar på grunn av koronapandemien gjennomførte vi tilnærma 100 prosent av produksjonsvolumet i investeringsverksemda, og har lykkast med å drive planmessig og effektivt vedlikehald av forsvarssektorens eigedom, bygg og anlegg innen den økonomiske ramma. Eigedom, bygg og anlegg er premisser for forsvaret av Noreg i fred, krise og krig. Europa står i ein alvorlig situasjon for tida, og det har blitt klart for alle kor viktig det er at Noreg har eit sterkt forsvar på eiga hand, i totalforsvaret og saman med allierte. Dette bidrar Forsvarsbygg til, seier Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg.

Dei store tala for 2021

Forsvarsbygg forvalta 12 830 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1395 årsverk. Det vart investert for om lag 3,7 milliardar kroner. Vi hadde 281 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og overleverte 26 byggeprosjekt. Med 4,2 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og totale kostnadar på 10,7 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.

-Forsvarsbygg har i 2021 levert effektive og operative eigedomar, bygg og anlegg til Forsvaret., seier Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg

Selde eigedom for 214 millionar kroner, som Forsvaret ikkje lenger har behov for
Forsvarsbygg avhenda totalt 22 600 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2021. Det vart selt forsvarseigedom for 214 millionar kroner. Salsinntektene besto primært av bustadsal og sal av Perminalen i Tromsø.

Sidan 2001 har vi avhenda over 3 millionar kvadratmeter eigedom, som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,6 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.

Forsvarsbygg nådde kravet til effektivisering

Forsvarssektoren skal modernisere og effektivisere med 2,3 milliardar kroner årlig frå 2024. Vi har satt oss høge ambisjonar for utvikling, modernisering og effektivisering av eigen verksemd for å bidra til at forsvarssektoren når målet. Forsvarsbygg nådde kravet til effektivisering i 2021.

2,6 millionar besøkte festningane
2,6 millionar personer besøkte ein av festningane til Forsvarsbygg i 2021. Dette er lavt samanlikna med det ein kan kalle eit normalår, og skuldast reiserestriksjonar og avlyste arrangement på grunn av koronapandemien.

Bustad for 30 000 soldatar under øving

Forsvarsbygg har gjennom 2021 arbeida med å førebu alliert øvingsverksemd i Noreg. Til storøvinga Cold Response 2022 vart det bygd fleire midlertidige leire, og mange andre område, hamnar og flyplassar vart tatt i bruk. Om lag 30 000 soldatar frå ulike allierte land deltok i denne øvinga.

Kostnadar

Dei totale kostnadane til Forsvarsbygg i 2021 var 10,7 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 72 prosent av dette.

Her kan du sjå nøkkeltala til Forsvarsbygg for 2021