Ny NIH-forsking viser at nesten to av fem elevar på vidaregåande skule har opplevd seksuell trakassering. – Viser at vi har ein stor haldningsjobb å gjere, meiner stipendiat.
Nina Sølvberg har dei siste åra dykka inn i urovekkande tal.
Stipendiaten har i sitt doktorgradsprosjekt funne ut at svært mange elevar på vidaregåande skular, både med idrett og studiespesialisering, har opplevd seksuell trakassering.
– Det er synd å seie, men eg blei ikkje overraska, seier Sølvberg.
- 39 prosent av elevane i studien hadde opplevd seksuell trakassering i løpet av eit år.
- Halvparten av jentene (48 prosent) oppgjev å ha blitt trakassert seksuelt eller har opplevd seksuelle overgrep. Blant gutane er talet 29 prosent.
- Færre eliteutøvarar har opplevd seksuell trakassering (32 prosent) enn breiddeutøvarar (47 prosent) og elevar på studiespesialisering (47 prosent).
Skjer oftast på fritida
Totalt deltok 1.251 ungdomar i 2. klasse på vidaregåande skule i undersøkinga. Dei same elevane ble fylgd opp eitt år seinare da dei gjekk i 3. klasse.
Av desse var 658 eliteidrettsutøvarar medan 312 var breiddeidrettsutøvarar. I tillegg var det ei kontrollgruppe med 281 elevar frå studiespesialiserande linjer.
Mange har nok sett for seg at slengkommentarar og anna verbal trakassering ofte kjem frå ein trenar, lærar eller anna vaksenperson. Maktforholdet mellom trenar og utøvar/lærar og elev blir ofte sett på som ein risikofaktor for trakassering.
Ofte blir dei framstilt slik i media også. Det er ikkje nødvendigvis slik det er i verkelegheita, ifølgje undersøkingane Sølvberg har gjort dei siste fire åra.
– Det er flest som rapporterer at trakasseringa kjem frå vener, medelevar, lagkameratar/lagvenninner. Etter det kjem «andre» og trenarar, lærarar og helsepersonell, seier Sølvberg.
Dei melder også om at opplevingane som oftast skjer på fritida og mindre på skulen eller på idrettsbanen.
VG har tidlegare omtalt forskinga til Sølvberg.
Opplever trakassering igjen
Elevane rapporterer mest kommentarar og ikkje-verbale formar for trakassering. Heile 50 prosent av dei som opplever seksuell trakassering, blir også utsett for det igjen i løpet av det neste året.
Det å ha opplevd det ein gong tidlegare blir sett på som ein stor risikofaktor for å oppleve det igjen.
– Det er derfor det er så viktig å gjere varslingssystemet betre, meir kjent og brukarvenleg for ungdom, trenarar og lærarar meiner Sølvberg som også såg på varsling i ein av delstudia.
Berre ein av ti elevar kjente til at det var eit system for varsling om seksuell trakassering i skulen. Berre halvparten av trenarane og nærmast alle leiarane rapporterte å kjenne til system for rapportering og hjelpetilbod på skulen.
Ein av fem ungdommar som hadde opplevd seksuell trakassering hadde varsla om dette til nokon. Men hovudsakleg til vener og familie.
– Det er svært uheldig at det er så få som varslar. Da kunne det blitt tatt tak i der og da. Dette er veldig låge tal og vi må jobbe for at 100 prosent av dei som opplever å bli seksuelt trakassert, tør å snakke om det med nokon og eventuelt melder forhaldet vidare, seier Sølvberg.
Eliteutøvarar rapporterte mindre
Sølvberg har undersøkt både eliteutøvarar på toppidrettsgymnas og toppidrettslinjer, breiddeutøvarar på ordinære idrettslinjer og elevar på studiespesialiserande linjer.
Eliteutøvarar rapporterte i mindre grad om seksuell trakassering enn de andre gruppene.
– Eliteutøvarar har i tidlegare forsking blitt definert som ei risikogruppe, men våre funn viser det motsette. Kanskje kan det vere beskyttande faktorar rundt idrettsmiljøet, som gjer at dei opplever mindre av dette.
– På den andre sida kan det vere noko i idrettskulturen som seier at dette er noko ein berre må tole og at dei dermed ikkje tør å rapportere, seier Sølvberg som understrekar at dette er spekuleringar ho ikkje har konkrete data på.
Håpar forskinga kan bidra til at elevar får ein trygg kvardag
Jenter rapporterer også langt meir enn gutar. Ei tydeleg risikogruppe for å bli utsett for seksuell trakassering er jenter med høgt nivå av symptom på eteforstyrringar og jenter med andre psykiske helseplagar.
Funna viser at det er behov for førebygging og å jobbe vidare med tematikken både i skulen og i idretten, meiner stipendiaten.
– Vi er nøydd til å ta tak i dette og utvikle førebyggingsarbeidet. Vi må lage førebyggande program for trenarar, lærarar, leiarar og andre som jobbar med unge, seier ho og legg til:
– Me må gje dei som står nær utøvarane i denne sårbare alderen meir kunnskap og verktøy. Slik at dei lettare kan handtere og identifisere utsette ungdom, og også jobbe med haldningar og kommunikasjon blant ungdomen sjølv, meiner Sølvberg.
Sølvberg har både på bachelor- og masternivå fordjupa seg i ulike fysiske og mentale utfordringar blant både utøvere og normalbefolkningen, mellom anna eteforstyrringar.
Nå håpar ho at forskinga kan bety noko for elevar i vidaregåande skule i åra framover.
– Eg har alltid vore interessert i forsking på unge utøvarar og tema som framleis er tabubelagt. Håpet er at denne forskinga kan danne grunnlag for utvikling av førebyggande tiltak som kan bidra til at færre blir utsett for seksuell trakassering og overgrep, og at fleire har det bra med seg sjølv, seier Sølvberg.
Prosjektet er støtta av Stiftelsen Dam via Norske Kvinners Sanitetsforening. Hovudvegleiar har vore professor Jorunn Sundgot-Borgen, og bivegleiar professor Monica Klungland Torstveit (UIA).