Stor auke i jordbruksinntekta i 2022

For andre år på rad fekk bøndene auka jordbruksinntekter. Frå 2021 til 2022 auka jordbruksinntekta med heile 22 prosent. Det vart eit svært godt år for kornprodusentane, og også auke for husdyrprodusentane.

Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av NIBIO. Jordbruksinntekta auka med kr 89.800 per årsverk frå 2021 til 2022, og vart kr 492 900. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet med kr 667.100.
Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei rekneskapsgransking som viser resultat og økonomisk utvikling på norske gardsbruk, og er ein del av den offisielle statistikken i Noreg. For 2022 omfattar granskinga tal frå 908 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer.

Auka med 56 prosent

Produksjonsinntektene auka med 15 prosent. Inntektene frå kornproduksjon auka med heile 56 prosent, medan husdyrinntektene, som utgjorde 58 prosent av produksjonsinntektene, auka med 8 prosent. Til dømes auka inntektene frå sal av storfekjøt med 15 prosent medan mjølk berre auka med 1 prosent. I 2022 vart det utbetalt ekstra tilskot til husdyr og areal som kompensasjon for kostnadsauke for viktige innsatsfaktorar. Dette gjorde at tilskota i gjennomsnitt for alle deltakarbruka auka med 18 prosent frå 2021 til 2022.
Kostnadene auka i gjennomsnitt med 11 prosent. Dei variable kostnadene auka med 13 prosent i gjennomsnitt, men med stor variasjon mellom ulike kostnadspostar. Kostnadene til kraftfôr som utgjer den største posten av dei variable kostnadene, auka med 12 prosent, medan handelsgjødsel og kalk auka med 39 prosent. Av dei faste kostnadene auka drivstoff med 49 prosent frå 2021 til 2022. Grunna straumstøtte, gjekk elektrisk kraft, som auka monaleg frå 2020 til 2021, ned med 5 prosent frå 2021 til 2022. Leigd arbeid auka med 9 prosent og kostnader til maskinleige og leasing av maskinar og reiskap med 12 prosent. I gjennomsnitt gjekk dei faste kostnadene opp med 10 prosent.
Arealet per bruk auka med 6 dekar, til i snitt 427 dekar. I gjennomsnitt for landet auka produksjonsomfanget noko for storfekjøt og eggproduksjon, medan det var om lag uendra eller gjekk noko ned for dei andre husdyrproduksjonane. Arbeidsinnsatsen har vore uendra dei siste åra med 1,6 årsverk per bruk.

Stor auke for kornprodusentane

Prisauke på korn og gode avlingar gjorde at 2022 vart eit godt år for kornprodusentane, etter to år med nedgang i resultatet. I gjennomsnitt for landet fekk kornprodusentane ei jordbruksinntekt på kr 783.000 per årsverk i 2022, ein auke på 597.500. I gjennomsnitt er arbeidsinnsatsen på kornbruka 0,4 årsverk, slik at i gjennomsnitt per bruk vart jordbruksinntekta kr 342.700. Det var 110 driftsgranskingsbruk med einsidig kornproduksjon i 2022, og dei hadde eit jordbruksareal på 441 dekar, 9 dekar meir enn i 2021.
Mjølkeprodusentane som hadde eit godt år i 2021, fekk også auke i jordbruksinntekta i 2022. I gjennomsnitt fekk mjølkebruka i driftsgranskingane ei auke i jordbruksinntekt med 16 prosent, til kr 460,500. Mjølkekvoten vart redusert i 2022, og omsett mjølk gjekk ned med 3 prosent, medan kjøtproduksjonen auka med 6 prosent på desse bruka. Prisane både på mjølk og kjøt auka, og saman med auka tilskot, ga det ein auke i produksjonsinntektene med 13 prosent, medan kostnadene auka med 10 prosent. Det var 283 bruk med mjølkeproduksjon med i granskinga for 2022, i gjennomsnitt hadde dei 32,4 årskyr og 495 dekar jordbruksareal. Arbeidsinnsatsen var uendra frå 2021, 2,1 årsverk.

Auka prisar på sauekjøt og ull

Bruka med sauehald fekk auka jordbruksinntekta med 7 prosent frå 2021 til 2022. Etter nokre år prega av overproduksjon av sau- og lammekjøt, har det vore auke for desse bruka både i 2021 og 2022. I 2022 oppnådde dei ei jordbruksinntekt på kr 262.000. Sjølv med ein liten nedgang i produksjonsvolum, ga auka prisar på kjøt og ull saman med auka tilskot tilstrekkeleg auke i produksjonsinntektene til å dekke opp for auka kostnader. Det var 120 bruk med sauehald i driftsgranskingane i 2022, og dei hadde 156 sauer og ein arbeidsinnsats på 1,2 årsverk.
Av produksjonane det vert publisert tal for, var det svinehald i kombinasjon med korn som fekk høgast jordbruksinntekt i 2022 med kr 799 800 per årsverk. Det var ein auke på 46 prosent frå 2021.
Jordbruksinntekta til bruka med frukt- og bærproduksjon varierer mykje mellom år. Etter eit godt år i 2021, gjekk jordbruksinntekta ned med 17 prosent for desse produsentane i 2022, slik at jordbruksinntekta vart kr 425.500.

Auke i investeringar og gjeld

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå 136.500 i 2021 til kr 227.300 i 2022. Det vart investert mest i nye bygningar.
Gjelda auka med 6 prosent i snitt per bruk. Sjølv om samla gjeld auka, gjekk gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka gjekk ned med eitt prosentpoeng frå året før, og var 45 prosent i 2022. Det tyder på god soliditet.
Jordbruket sin del av samla inntekt auka Nettoinntekta for brukarfamilien var på 1,41 mill. kr i 2022 ein auke på 11 prosent frå 2021. I nettoinntekt inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket, med frådrag av gjeldsrenter og kår. På knappe 80 prosent av deltakarbruka er det registrert ektefelle/sambuar. I gjennomsnitt for granskinga ligg det derfor ca. 1,8 personar bak nettoinntekta til brukarfamilien.
Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 46 prosent, 6 prosentpoeng meir enn i 2021. Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for 7 prosent, og skogbruket for 2 prosent av samla inntekter. Lønsinntekter utgjorde 34 prosent, 3 prosentpoeng mindre enn i 2021.

Jordbruksfrådrag

Jordbruksfrådraget vert fastsett i jordbruksoppgjeret. For 2022 var maksimalt frådrag kr 195.000, 4.600 meir enn i 2021. Inntektsverknad av jordbruksfrådrag er rekna til kr 37.800 per årsverk for 2021. Dette kjem i tillegg til jordbruksinntekta, og inngår ikkje i nokon av resultatmåla over. Samla årsverksinntekt blir da kr 530.700, ein auke på 21 prosent frå 2021.

Skog – auke i resultat

I gjennomsnitt for alle bruka i driftsgranskingane vart driftsoverskotet frå skogbruket kr 31.400 i 2022, ein auke på 6 prosent frå 2021. Det var bruka frå «andre bygder» på Austlandet og i Trøndelag som hadde høgast driftsoverskot frå skogen i 2022, med høvesvis kr 60.100 og kr 52.000.

Abonnèr i dag

Du får rett til å publisere egne saker (moderert), tilgang til “+” saker og etterhvert få tilgang til planlagt fordelsklubb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *